Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Eksponering med responsprevensjon (ERP) hos barn og unge, BUPA

Eksponering med responsprevensjon (ERP) er en effektiv behandlingsmetode ved tvangslidelser. ERP innebærer å eksponere/utsette seg for ubehagelige situasjoner. Ved å øve på dette kan man lære å mestre ubehaget ved å tolerere angsten og la være å utføre tvangshandlinger. Behandlingen forutsetter at du er motivert for dette og blir utført i kombinasjon med kognitiv terapi.

Før

Du må vera motivert for å ta imot denne typen behandling.  Det må vera tilstrekkeleg plass i kvardagen din til å ha nok tid og søkjelys på behandlinga, noko som i ein periode kan gå ut over deltaking i skule og andre aktivitetar og oppgåver.

Under

I behandlinga lagar du eksponeringsoppgåver saman med terapeuten din. Du gjennomfører oppgåvene saman med terapeuten og åleine (eventuelt saman med foreldre), enten på terapikontoret, heime hos deg sjølv eller andre stader der det er nyttig å jobba med tvangen. Gjennom dette skal du læra deg å ikkje la tvangen (OCD-en) få styra kvardagen din

Vanlegvis går behandlinga over tre månader med inntil 14 behandlingsmøte. Behandlinga er som regel individuell, men ofte er det heilt nødvendig med informasjon og deltaking av føresette/pårørande.

Behandlingstimane varer i 45 – 90 minutt, 1-2 gonger kvar veke. Mellom timane får du i oppgåve å trena vidare på det du har lært. OCD-behandlaren fungerer som ein personleg trenar, og gir deg konkret hjelp til å gjennomføra behandlinga på den måten som er mest effektiv og nyttig.

Dersom du allereie får behandling for andre lidingar enn tvinga, eller det viser seg å vera behov for det, blir du vanlegvis følgt opp av ein annan behandlar undervegs eller i etterkant av OCD-behandlinga.



Etter

Det er viktig å halda fram med å bruka det du har lært i behandlinga. Mot slutten av terapiforløpet vil me snakka saman om korleis du kan redusera faren for tilbakefall.

Mange behandlingsstader har ein oppfølgingsperiode etter behandling der du trenar på eigenhand og møter til enkeltståande oppfølgingstimar, til dømes tre og seks månader etter behandling.



Kontakt

BUP Ringerike Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUPA)

Kontakt Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUPA)
Et skilt foran et hus

BUP Ringerike

Arnegårdsveien 5

3511 Hønefoss

En hvit bygning med rødt tak

BUPA Spesialpoliklinikk

Sopelimskroken 14

1341 Slependen

En bygning med parkeringsplass

Hallingdal sjukestugu

Helsetunvegen 15

3570 Ål

Et hus med et skilt foran

BUP Kongsberg

Klems gate 11

3613 Kongsberg

En bygning med trær foran

BUP Asker

Kirkeveien 206 A

1383 Asker

En bygning med mange vinduer

BUP Drammen

Rådhusgata 33

3015 Drammen

En gruppe bygninger

BUP Bærum

Sykehusveien 34

1346 Gjettum

BUPA Sykehusseksjon